Trykk i sanntid
KARBONNERVE
Mottaket 13.-26.april - 26
Akkurat no gler eg meg til opninga av KARBONNERVE på Mottaket i Ålesund den 17.april. Eg er takksam for sjansen til å stille ut eit eige verk der.
Rita Marhaug skriv m.a. dette om prosjektet: “Utstillinga KARBONNERVE søkjer å gi poetiske uttrykk for karbonet sine uransakelege vegar med vekt på grafiske metodar og skulpturelle verkemiddel. Utstillinga er sett saman av individuelle verk av Elin Kjøsnes, Lillian Bjørdal og Märet Aronsson-Towler og utval frå den kollektive produksjonen av fem objekt: ei bok, ei mappe, ein bokrull, ei trekkspelbok og ein kartserie”
….
“KARBONNERVE har sine røter i grafikkprosjektet Trykk i sanntid organisert av kunstnarane Kjellaug Hatlen Lunde, Åse Anda og Rita Marhaug. I fem år deltok til saman 64 kunstnarar i prosjektet der føremålet var å binde saman ti grafikkverkstadar gjennom å lage fem felles kunstverk. I fem år samla kunstnarane seg til sommarsolkverv. Gjennom intense timar arbeide dei fram sine einskilde delar til fellesobjekta. Trykk i sanntid har så langt også resultert i sju ulike utstillingar: Karbonavtrykk, Karbonfangst, Karbonlagring, Karbonsyklus, Karbonpuls, Karbonhjarte og no KARBONNERVE”.
KARBONNERVE er støtta av Kunstsentrene i Norge - KiN
Plakatdesign: Rita Marhaug
Sogndal Kunstlag
LOBOTOMIENS
HISTORIE
Galleri Gravenstein
9.mai -7.juni 2026
Eg er så heldig at eg har vorte invitert av Sogndal Kunstlag til å stille ut prosjektet “Lobotomiens historie” på Galleri Gravenstein. Utstillinga vil bestå av ulike skulpturar og installasjonar som set lys på ulike deler av denne tunge delen av Noregs historie. Biletet syner deler av installasjonen “Snitt - ei forteljing om statleg dehumanisering”, som også vil bli synt på Galleri Gravenstein.
Foto av Karina Tene, frå NittenNULLni.
Utstillinga opnar 9.mai. Velkommen!
Hei alle saman!
Her ser de meg, ein heilt vanleg laurdag i november. Eller… ikkje heilt vanleg for eg opna mi fyrste soloutstilling den15.nov 2025. Smilet sat laust… Folk kom, dei stilte spørsmål og tok inn utstillinga. Denne var ein del av det årlege arrangementet Friminutt på atelierfellesskapet NITTENNULLNI.
Eg er glad og takknemleg for at eg fekk stille ut på Valderøya. Det har vore stas å få bli kjent med den dyktige gjengen som har sine atelier her. Takk for hjelp og støtte fram mot opninga!
Takk til alle som har står bak og støttar meg og prosjektet mitt. Takk også til Klassekampen som trykte verket Pindestol No 9 i Perspektiv, og Øyblikk som gav brei omtale av utstillinga.
Foto: Trine Røssevold /Plakatar: Ralph Christensen Plakatfoto:Karina Tene /Lys: Christian Bernt Nordset
Snitt, ei forteljing om statleg dehumanisering.
Sommaren 2025 jobba eg fram prosjektet Snitt, ei forteljing om statleg dehumanisering. Kunsten synleggjer talet på dei som vart lobotomerte i Noreg i tidsromet 1941-1975.
2500 menneske. 2500 tause stemmer, med utallige draumar og ynskje som aldri vart….
“Mellom himmel og hav VII, UVISSAS TILSTAND”
“Between Sky and Sea VII, FLYING BLIND”
er no historie. Det store, raude naustet i Longva hamn har i to veker husa performancekunstnaraneIan Nesbitt, Signe Liden, Elin Sundstrøm, Bent Erik Myrvoll, Anne-Marte Eidseth Rygh, Kamile Pikelyte og Marita Isobel Solberg. Menneske som brenn for naturen, og som med sine sterke kunstnarstemmer trollbatt, jorda og greip dei mange som hadde teke turen den 6. september.
Det var eit eventyr. Strålande ver i to veker, interessante forelesingar med Harald Dyrkorn, Trond Lødøen og Michelle Terrant. Dei inspirerande turane til Fjørtoftneset, Ullaholmen og Petter Dyrkornsamlingane synte att i kunstnarane sine verk.
Takk for denne gong, Longva Kunstnarresidens! Håpar på snarleg gjensyn.
TAUSE STEMMER
Er det mogleg å sjå tause stemmer? Saman med kunstnarane Marjan Dijkstra og Elisabeth Hatlehol Sairosi arbeider eg med ulike tilnærmingar til temaet. Me kom saman i Mottaket i juni 2024 for å prøve ut dette, og der kunne du oppleve våre kunstneriske uttrykk side om side.
Historiene me fordjupa oss i var ulike. Eit fellestrekk var å gjere synleg stemmene til marginaliserte grupper som ikkje har hatt moglegheit til å snakke, delta, eller ytre seg i samfunnet på lik linje med andre. Kan me høyre rop frå dei stemmelause? Publikum fekk møte grafiske verk, skulpturar med stolar, og installasjonar med stolar og nylonstrømper.
Utstillinga Tause Stemmer var å sjå ved Volda og Ørsta Kunstlag i tidsromet 21.mars -12.april i år. Det var kunstnersamtale ved Ørsta Kunsthus i høve opninga, og der fortalde me meir om prosjektet vårt. Takk til kunstlaget og alle besøkande.
Klassekampen perspektiv trykte verket Institusjonalisert 04.04.2025