Forteljingane som ligg litt under overflata interesserer meg, det som ikkje blir sagt, hemmelighaldet og familietragediene ingen snakkar om.

I min kunst leitar eg etter uttrykk som kan vise desse historiene.

INSPIRASJON

Eg uttrykker meg gjennom skulpturar og installasjonar. Forteljingane som ligg litt under overflata interesserer meg, det som ikkje blir sagt, hemmelighaldet og familietragediene som ingen snakkar om. Eg leitar etter uttrykk som kan få fram desse forteljingane, og setje lys på område eg meiner det blir, eller har vorte gjort urett. Objekta eg jobbar med er henta frå dagleglivet, og med endringar i form og overflate på pinnestolar skaper eg kunst med rom for undring, utforsking og debatt.

Hei alle saman!

Her ser de meg, ein heilt vanleg laurdag i november. Eller… ikkje heilt vanleg for eg opna mi fyrste soloutstilling den15.nov 2025. Smilet sat laust… Folk kom, dei stilte spørsmål og tok inn utstillinga. Denne var ein del av det årlege arrangementet Friminutt på atelierfellesskapet NITTENNULLNI.

Eg er glad og takknemleg for at eg fekk stille ut på Valderøya. Det har vore stas å få bli kjent med den dyktige gjengen som har sine atelier her. Takk for hjelp og støtte fram mot opninga!

Takk til alle som har står bak og støttar meg og prosjektet mitt. Takk også til Klassekampen som trykte verket Pindestol No 9 i Perspektiv, og Øyblikk som gav brei omtale av utstillinga.

Foto: Trine Røssevold /Plakatar: Ralph Christensen Plakatfoto:Karina Tene /Lys: Christian Bernt Nordset

SNITT

I sommar jobba eg fram prosjektet Snitt, ei forteljing om statleg dehumanisering. Kunsten synleggjer talet på dei som vart lobotomerte i Noreg i tidsromet 1941-1975.

2500 menneske. 2500 tause stemmer, med utallige draumar og ynskje som aldri vart….

“Mellom himmel og hav VII, UVISSAS TILSTAND”

“Between Sky and Sea VII, FLYING BLIND”

er no historie. Det store, raude naustet i Longva hamn har i to veker husa performancekunstnarane Ian Nesbitt, Signe Liden, Elin Sundstrøm, Bent Erik Myrvoll, Anne-Marte Eidseth Rygh, Kamile Pikelyte og Marita Isobel Solberg. Menneske som brenn for naturen, og som med sine sterke kunstnarstemmer trollbatt, jorda og greip dei mange som hadde teke turen den 6. september.

Det var eit eventyr. Strålande ver i to veker, interessante forelesingar med Harald Dyrkorn, Trond Lødøen og Michelle Terrant. Dei inspirerande turane til Fjørtoftneset, Ullaholmen og Petter Dyrkornsamlingane synte att i kunstnarane sine verk.

Takk for denne gong, Longva Kunstnarresidens! Håpar på snarleg gjensyn.

TAUSE STEMMER

Er det mogleg å sjå tause stemmer? Saman med kunstnarane Marjan Dijkstra og Elisabeth Hatlehol Sairosi arbeider eg med ulike tilnærmingar til temaet. Me kom saman i Mottaket i juni 2024 for å prøve ut dette, og der kunne du oppleve våre kunstneriske uttrykk side om side. 

Historiene me fordjupar oss i er ulike. Eit fellestrekk er å gjere synleg stemmene til marginaliserte grupper som ikkje har hatt moglegheit til å snakke, delta, eller ytre seg i samfunnet på lik linje med andre. Kan me høyre rop frå dei stemmelause? Publikum får møte grafiske verk, skulpturar med stolar,  og installasjonar med stolar og nylonstrømper.

Utstillinga Tause Stemmer var å sjå ved Volda og Ørsta Kunstlag i tidsromet 21.mars -12.april i år. Det var kunstnersamtale ved Ørsta Kunsthus i høve opninga, og der fortalde me meir om prosjektet vårt. Takk til kunstlaget og alle besøkande.

Klassekampen perspektiv trykte verket Institusjonalisert 04.04.2025

CV

Bur i Ålesund, kjem frå Ørsta

Studier i Trondheim/Volda/Coimbra(Portugal)/Ålesund

2017-2019 Høgskulen i Volda, etterutd. kunst og håndvek; tre, arkitektur, keramikk og visuell kommunikasjon

2022-2023: Student ved Ytre Kunstfagskole, Ålesund

2023 Kurator av utstillinga; Fang det i en tittel på Alnes fyr 

2023-2028: Aggregat UNG- medlem

1997-2024 Lærer i kunst og handverk ved Skarbøvik ungdomsskole

2024 Kyrkjetenar/klokkar for Giske kyrkjelege fellesråd

2024- 2026 Foreningen Longva Kunstnerresidens; vara til styret

2025 Medlemskap i BKMR, Biletkunstnarane i Møre og Romsdal

KUNSTNERISK AKTIVITET

2023 3D-form, kurs med Gipsmaker Peder Alme og Tekstilkunstner Marit Helen Akslen

2024 Atelier på gamle Steinholt skule, Ålesund

2024 Litokurs med Randi Kristin Emblem, Aggregat kunstnerfellesskap, april-24

2024: Tause stemmer, kollektivutstilling på Mottaket juni-24, Ålesund

2024: Trykk i Sanntid, Aggregat Kunstnerfellesskap, juni-24 KARBONPULS

2024: Kollektivutstilling på Ålesund Bibliotek, juli-august- 24, Ålesund

2023-2027 - Lobotomiens historie, eige prosjekt

2024: Aggregat Open Art Market - des 2024

2025: Tause stemmer, kollektivutstilling Volda og Ørsta Kunstlag, 21.mars - 12.april 2025, Ørsta Kunsthus

  2025: Snitt, ei forteljing om statleg dehumanisering, utprøvingar på Mottaket,14. - 27.juli 2025

2025: Koordinator; Mellom himmel og hav VII, UVISSAS TILSTAND, Between Sky and Sea VII - FLYING BLIND, aug - sept 2025

2025; Soloutstilling ved NITTENNULLNI 15.-27. nov. 2025, Valderøy

2025; Aggregat Open Art Market, Mottaket Ålesund12.-20. des. 2025

2026: Trykk i sanntid, KARBONNERVE avslutningsutstilling  på Mottaket, 13.-26. april 2026

2026: Lobotomiens historie, Galleri Gravenstein, Sogndal Kunstlag, mai-juni 2026